2. gongs utlysing: Pedagogisk leiar i 100% mellombels stilling i Fredheim barnehage, arkivsak 18/663

Vang kommune har ledig følgjande stilling ved Fredheim barnehage frå januar 2019:

  • Pedagogisk leiar i 100 % mellombels stilling i perioden 02.01.19 t.o.m. 31.07.19, med mogleg forlenging.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar
  • Det er ynskjeleg med spesialpedagogikk
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt
     
  • Me ser etter deg som
  • er relasjonsbyggar, som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er strukturert og endringsviljug

Me tilbyr:

  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen har personalbustadar for leige

     

    Vang kommune nyttar nynorsk som målform

    Me oppmodar særskilt mannlege barnehagelærarar til å søkje stillinga. 

    Spørsmål om stillingane kan rettast til barnehagestyrar Karin Trøen, tlf. 61 36 94 90

    Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Me tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling.

    Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk

    Merk søknad med arkivsak nr. 18/663

    Søknadsfrist: Søndag 16.12.18