Spelemidlar

Ta kontakt med Vang kommune sin saksbehandlar Oddbjørn Skeie, på telefon 61 36 94 23, eller på e- post oddbjorn.skeie@vang.kommune.no om du ønsker å søke om spelemidlar i Vang kommune.

Vegen til stønad via spelemidlar:

Trinn 1: Godkjenning av prosjekt og lag/organisasjon som søker. Send inn søknad (mail eller brev) med kostnadsoverslag, finansiering og drift av anlegget til Vang kommune innan søknadsfristen for kulturmidlar i kommunen. Vanlegvis i siste halvdel av mars.

Trinn 2: Godkjenning av prosjekt i formannskap. Anlegget må  ligge inne i Vang kommune sin Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet.

Trinn 3: Laget/organisasjonen legg inn søknad med nødvendige vedlegg  via Min ID på  https://www.anleggsregisteret.no/anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet/ Søknadsfristen er 15. oktober.

 

Naudsynte vedlegg er forklarte i dette skrivet, V-0732 som er skriv frå Det kongelege kulturdepartement: Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.

Trinn 4: Kommunen godkjenner og vidaresender den elektroniske søknaden til fylket innan 15.januar påfølgjande år.