Kyrkja i Vang

Kyrkjekontoret er på kommunehuset:
Dagleg leiar for Kyrkjeleg fellesråd er Guro Hovda.
Kontortid: måndag - torsdag kl 09.00 - 15.00

Prestekontoret er i Drengestøga
Sokneprest i Vang er Ingebjørg Vik Laugaland
Kontortid: Tysdag - fredag kl 09.00 - 15.00
Presten kan væra ute i oppdrag, prøv att seinare om ho ikkje er inne

Kyrkjer i Vang

Vang kyrkje
vart innvigd 9.april 1840 og er orientert i nord-sør-retning, mot det vanlege aust-vest. Naturleg nok vart det vanskeleg å feire 100-årsjubileet på rette dagen i 1940. Kyrkja vart etter kvart skakk av vinden og halla sørover. ”Einhendingen” (Knut Murar’n) benka den oppatt. Kyrkja var opphavleg måla raud. Vang stavkyrkje stod på tvers rett framfor inngangen til kyrkja, og måtte vekk. Det skapte bygdestrid.
Kyrkja har ei katekismetavle frå 1620 som sto i stavkyrkja. Preikestolen er laga av Aslag på Hauge. I 2012 fekk kyrkja tilbake ei samling av trefigurar; apostlane og Jesus, som skal ha vore i Vang stavkyrkje då den sto her.
Prestane Snitler og Fürwald er gravlagt ved veggen på sørsida av kyrkja.


Øye kyrkje
er ei langkyrkje i lafta tømmer som vart bygd i 1747, og fekk ein fin plass på Øyebakka. Kyrkja avløyste den gamle stavkyrkja som sto nede ved Vangsmjøsa. I kyrkja står det fine kunstverket ”Kristus i Getsemane”, som vart kjøpt inn til St.Tomaskyrkja på 1920-talet i påvente av ny kyrkje der. Då den gamle St.Tomaskyrkja skulle rivast, vart fleire ting plassert i Øye kyrkje, og nokre av tinga vart att i Øye etter at den nye St.Tomaskyrkja vart reist.
Altertavla er laga av Tomas Tomasson Tørstad omkring 1800, og måla i 1837 av Gullik Hovda. Han har og måla preikestolen, som er ombygd av ein eldre preikestol i 1839.

Heensåsen kyrkje
vart innvigd 17. september 1902, og er den yngste av soknekyrkjene i Vang. Den ligg høgt og fint til i eit midtpunkt i krinsane i soknet. Austsida hadde ein håplaust lang veg til kyrkja i hovudsoknet. Knut Gudmundsen Nordsveen kjempa for å få Vang stavkyrkje over på austsida då den skulle rivast, men han mislykkast. Difor vart det planlagt ny kyrkje på Heensåsen og innsamla pengar i lang tid, m.a. med basarar. Dronning Sofia av Noreg/Sverige sende sølvskeier og broderte ting til gevinstar til basarane. Ei av skeiene heng i våpenhuset.
Altartavla er teikna av arkitekt John Meyer, og laga av Torstein i Verpile og Ola G Gjevre. Krusifikset er sett på seinare og laga av Endre O. Lien.
Både preikestolen og altartavla vart måla 1. gong av Andris og Kristoffer Bakken, og av Ola S Ødegård i 1977 då kyrkja vart pussa opp.
 

Kontaktinfo

Guro Hovda
Dagleg leiar
E-post
Telefon 61 36 95 90
Ingebjørg Vik Laugaland
Sokneprest
E-post
Telefon 926 53 320
Mobil 953 08 595