Vang kulturskule

Kulturskulen - Klikk for stort bilete

Vang kulturskule starta i 1986 som musikkskule med Gunnar Baden som rektor. Etter som åra gjekk vart musikkskulen sitt tilbod utvida med dans, teater, biletkunst og ymse formar for handverk, og namnet vart endra til Vang kulturskule.

I 2017 så flytta Vang kulturskule inn i nye flotte lokalar på VBU. Lokalane er i sambruk med grunnskulen, og er plassert ved Vangshallen.

Kulturskulen ønskjer å vera eit senter for kulturtilbod for bebuarane i Vang kommune.
Inna musikk ønskjer kulturskulen å ta vare på dei historiske tilknytingar me har i forhold til folkemusikk, samtidig som ein og tek vare på det klassiske og rytmiske uttrykket i musikken. Skulen ønskjer og å serve  tilbod  som showdance, teater, teikning og foto.
Skulen har som mål å forsyne dirigenttenester til kor og korps i kommunen.

Skulen er fyrst og fremst eit tilbod til barn og unge i skulealder, men vaksne kan og få plass. Fulltidsplass for enkeltelevar er 20. minutt kvar veke, medan gruppeundervisning kan variere frå 35 minutt til 90 minutt. Ein kan søke om å få utvida enkeltundervisning.

Undervisninga er på Vang barne- og ungdomsskule i nye inspirerande lokaler.

Kulturskulen- Aktivitetar/ lærarar

Betalingssatsar kulturskulen

Kontaktinfo

Oddbjørn Skeie
Kulturskulerektor
E-post
Telefon 61 36 94 23
Mobil 950 76 539

Adresse

Vang kommune

Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres