Mogleg høgare konsentrasjonar av avlaupsvatn -Fløgstrøndfjorden til Strøndafjorden

Klikk for stort bileteGrunna vasskade på Tyinkrysset renseanlegg er det for tiden sterkt redusert renseeffekt på avlaupsvatnet som slippes ut i Begnavassdraget. Dette kan føre med seg høgare konsentrasjonar av avlaupsvatn i Begna på strekninga Fløgstrøndfjorden - Strøndafjorden.

Vang kommune oppmoder dei som har brukarinteressar nedstrøms frå Fløgstrøndfjorden som meiner seg rørt til å ta kontakt med teknisk sjef Terje Hålien på telefon 61 36 94 71 eller VA-vakttelefon 953 03 608.

Aktuelle brukarinteressar kan vere uttak av drikkevatn til dyr eller menneske direkte frå elva Begna. Ekstra prøvetaking vert vurdert fortlaupande etterkvart som omfanget vert kartlagt. Trykk her (PDF, 2 MB) for kart over rørt strekning.

Det vert oppmoda om å koke overflatevatn som vert teke ut på den aktuelle strekninga.