Melding om vedteke planprogram - Raudalen 93/4 (plan-ID:2017003)

Kommunevåpen i fargar - Klikk for stort bilete Kommunestyret behandla i møte 14.12.2018 sak 066/18, planprogram Raudalen 93/4.

I samsvar med forskrift for konsekvensutgreiing § 6 vart det fatta fylgjande vedtak:

"Med heimel i plan- og bygningslova §§ 4-1 andre ledd og 12-9 tredje ledd, og forskrift om konsekvensutgreiing § 6 b), vedlegg 1, pkt. 25, vedtek Vang kommune «Planprogram – Detaljregulering for Raudalen 93/4»

Som tillegg til vedtaket syner hovudutval for utvikling til «Kommuneplan for Vang -Føresegner og retningsliner» kapittel 1.1. og 7.4 om at det skal utarbeidast rammeplan for vatn og avlaup for kommunedelplan Raudalen. Rammeplanen skal vera godkjent før vedtak av «Detaljregulering for Raudalen 93/4»."

Saksprotokoll finn ein her. (PDF, 576 kB)

Vedteke planprogram finn ein her. (PDF, 6 MB)

Ein kan ikkje setje fram klage på det fastsette planprogrammet.