Kjernejournal

Dette er ein journal som er etablert på sentralt hald for alle (men det er mogleg å reservere seg). Journalen inneheld opplysningar om nære pårørande, kontakt med spesialisthelsetenesta og faste medisinar som er take ut på apotek. Men kanskje viktigast er at det bør leggjast inn såkalla Kritiske opplysningar. Dette gjeld t.d. alvorlege allergiar, alvorleg reaksjon på medikament og liknande, og viktige sjukdommar som helsepersonell bør kjenne til i ein kritisk situasjon. Dette kan fastlegen gjere, eller ein sjukehuslege som diagnostiserar noko slikt. Du kan sjølv legge inn opplysningar om sjukdommar du har.

Du får tilgang til kjernejournalen din på helsenorge.no