Testing for viruset

Avtal tid

For å få testa deg for viruset må du ha avtalt tid på førehand. Treng du å teste deg?

Ring for å avtale tid på følgjande tidspunkt: 

  • Kvardagar, ring legekontoret mellom kl. 08:30-11:00 på tlf. 61 36 95 00.

 

Kva om du må vente til neste dag med å teste deg, til teststasjon er open

Får du beskjed om å teste deg (eller du får symptom) medan teststasjonen er stengt, kan du som hovudregel vente til neste opningsdag. Det aller viktigaste er at du umiddelbart går i karantene og følgjer dei reglane som gjeld for karantene. Dersom du av heilt spesielle årsakar ikkje kan vente til neste opningsdag med å teste deg, kan du ringe legevakt på 116 117.

 

Testresultat finn du sjølv

Testar du positivt for koronavirus, tar kommunen kontakt med deg omgåande. Hugs å ta telefonen om eit ukjent nummer ringer. Ikkje ring koronatelefonen for prøvesvar. Testar du negativt finn du prøvesvaret på helsenorge.no 1-2 dagar etter at du tok testen. Du får varsel fra Helsenorge når svaret er klart.

  • Har du barn under 16 år som har tz testen, finn du prøvesvaret deira på helsenorge.no
  • Om du ikkje kan logge inn på helsenorge.no, kontakt fastlegen for å få prøvesvar.

 

Hald deg heime til du får svar

Hald deg heime til du har fått svar på koronatesten. 

Testar du eller barnet ditt positivt for koronavirus, tar kommunen så fort som råd kontakt med deg. Hugs å ta telefonen om eit ukjent nummer ringer.

 

Sjølvtestar

Kommunen deler ut sjølvtestar til personar og grupper der sjølvtesting er tilrådd. Det er mogleg å kjøpe sjølvtestar på apotek.