Smittesituasjonen i Vang kommune, oppdatert 28.11.2021 kl. 20:20

Det er ikkje meldt om nye positive smittetilfelle i Vang sidan 24. november 2021.

Dette er godt nytt, takk for innsatsen frå dykk alle. Det er framleis viktig å halde fram med den gode og viktige innsatsen; slik som å halde seg heime ved symptom og teste seg, god hoste- og handhygiene og me håpar du takkar ja til vaksine når du får tilbodet om det. Saman greier me dette!

Framover vil det ikkje bli publisert nyhendeartiklar om smittetal så lenge smittetrykket held seg lågt. Kommunen si oversikt over talet smitta vil bli oppdatert dersom kommunen får melding om nye smittetilfelle. Denne oversikta finn de her:

Talet på smitta i Vang.