Smittesituasjon i Vang kommune, oppdatert 8.11.21 kl. 19:30

Vang kommune har fått melding om 4 nye smittetilfelle det siste døgnet, alle med kjent smitteveg. Det er totalt registrert 41 smitta i november. 

Kommunen arbeidar systematisk med alle smittetilfella som er registrert i kommunen og har oversikt over smittevegar. Det er i hovudsak barn og friske vaksne som er smitta, og dei tåler dette relativt bra. Alle kan likevel bidra med å hindre at smitten spreier seg til eldre og dei som ikkje tåler koronaviruset like godt. Det viktigaste ein kan gjere er å halde seg heime ved nyoppståtte luftvegssymptom.  Sjå rettleiaren til FHI her. 

Vang mottakssenter

Kriseleiinga har i samråd med fungerande kommuneoverlege vurdert situasjonen på Vang mottakssenter slik ein vurderer ein husstand. Det er sett i verk tiltak basert på dette. Det vil alltid vere fare for at ein tek med seg smitte ut i samfunnet, dette gjeld alle familiar der familiemedlem er smitta. Sjå generell tilråding til nærkontaktar her. 

 -Held ein seg til dei grunnleggjande prinsippa om å halde seg heime og teste seg ved symptom er dette vurdert som tilstrekkeleg i noverande situasjon, opplyser fungerande kommuneoverlege i Vang.

-Det er ein krevjande situasjon, men me har god dialog med Vang mottakssenter og følgjer situasjonen fortløpande, seier kommunalsjef Guro R. Kvam. Fungerande kommuneoverlege kan tilføye at det er jamleg testing av dei som bur på mottaket, inkludert dei som er vaksinerte, så eventuelt ny smitte vil bli fanga opp raskt.

Mottaksleiar på Vang mottakssenter, Bente L. Dalåker, har god dialog med bebuarane på mottaket.

-Me har ein god dialog med alle bebuarane i den krevjande situasjonen dei no er i. Dei som har fått påvist smitte held seg på romma sine og det er iverksett matforsyning til alle bebuarane som eit av fleire tiltak for å hindre smittespreiing. Me gir oppdatert informasjon fortløpande til bebuarane og ber dei samstundes om å hugse å bruke munnbind samt å overhalde øvrige smitteverntiltak, seier mottaksleiar Bente L. Dalåker.  

 

Vang legekontor

For å skjerme pasientar på legekontoret mot luftvegssjukdommar skal ingen med luftvegssjukdommar møte på legekontoret utan avtale. Kontakt legekontoret for å avtale tid, tlf. 61 36 95 00 mellom 08:30 og 15:00 på kvardagar.


RS-virus

Vang kommune har i det siste opplevd tilfelle av RS-virus.  RS-virus er eit virus som gir luftvegsinfeksjon hos barn og vaksne. Utbrot av RS-virus er vanleg frå november til mai. Hos dei fleste barn og vaksne artar RS-virus-infeksjon seg som ei forkjøling.  Det er likevel slik at nokre kan få meir alvorleg infeksjon nedover i luftvegane. Hos dei minste barna, spesielt dei under 1 år, kan viruset føre til bronkiolitt, ein betennelse i nedre luftvegar som kan gje pustevanskar og behov for innlegging i sjukehus.

Ulike luftvegsvirus kan gje like eller overlappande symptom. Luftvegsinfeksjonar smittar lettast dei fyrste dagane i sjukdomsløpet. Barn som er blitt sjuke eller har fått nyoppståtte symptom på forkjøling det siste døgn, skal difor vere heime.

Sjå råd til foreldre for å minske smitterisikoen ved RS-virus.

 

Informasjon på nettsida til Vang kommune

Vang kommune har ei eiga side om koronavirus som du finn her. 

Her finn du mellom anna:

  • Råd til deg som har symptom, er nærkontakt eller er smitta
  • Informasjon om testtilbod
  • Informasjon til tilsette og vikarar om bruk av munnbind og utvida reglar for helsepersonell.