Smittesituasjon i Vang kommune, oppdatert 7.11.21 kl. 19:30

Kommunen har registrert 37 smitta i løpet av november månad. Smitta er i hovudsak knytt til Vang mottakssenter og dette har påverka Vang barne- ungdomsskule og Høre barnehage noko. Vang kommune har fått melding om 14 nye smittetilfelle det siste døgnet.

Rosar innsatsen som blir gjort

Ordførar Vidar Eltun ynskjer å sende ein takk til alle som testar seg i denne krevjande situasjonen.

-Mange utfører i desse dagane ein enorm innsats til beste for dei som er råka av smitteutbrotet i Vang og for å hindre at smitta spreiar seg. Ordføraren ynskjer å sende ein varm takk til alle.

 

Kriseleiinga følgjer med på situasjonen

Kriseleiinga har i samråd med Vang mottakssenter og helsevesenet sett i verk tiltak for hindre at smitta spreiar seg. Vang mottakssenter blir sett på som ein husstand og følgjer dei tilrådingane som gjeld for nærkontaktar i ein husstand.

-Kommunalsjef Guro R. Kvam, i samråd med fungerande kommuneoverlege, kan fortelje at det er jamleg testing av dei som bur på mottaket og ny smitte vil bli fanga opp raskt. Dei som testar negativt på test kan delta i skule, barnehage og andre aktivitetar. Blir det behov for fleire tiltak vil det bli gjeve informasjon om det direkte til dei det gjeld.

 

Test deg sjølv og barna!

-Det er mykje smitte rundt oss, kommunen har ein indikasjon på at smitta i hovudsak er knytt til utbrotet i Nord Aurdal, men ein kan likevel ikkje vere sikker seier kommunalsjef Guro R. Kvam. Mange har testa seg desse siste dagane. Får du symptom er det viktigaste du kan gjere å halde deg heime og avtale tid for testing. Kvardagar kan du ringe legekontoret på tlf. 61 36 95 00 for å avtale tid for test.

 

Vaksine

-Kommunalsjef Guro R. Kvam kan orientere om at dei som bur på Vangsheimen alle har fått tilbod om 3. dose med koronavaksine, dei aller fleste har takka ja til å ta vaksinen. Framover vil helsepersonell også få tilbod om å ta 3. dose.

-Til deg som enno ikkje har teke vaksine er det framleis høve til det, oppmodar ordførar Vidar Eltun.

Kontakt legekontoret på tlf. 61 36 95 00 for å avtalte tid for 1. og 2. dose med vaksine.

 

Fritidsaktivitetar

-Fritidsaktiveter kan halde fram som normalt, men også her er det viktig at du held deg heime om du er sjuk eller har symptom, opplyser kommunalsjef Guro R. Kvam.

 

Har du symptom?

Er du nærkontakt?