Smittesituasjon i Vang kommune, oppdatert 5.11.21 kl. 18:00

Det er ikkje meldt om nye smittetilfelle i dag, men kommunen ventar framleis på litt over 100 svar på PCR-testar. Det vil bli sendt ut ny oppdatering om smittesituasjonen på kommunen sine nettsider og facebook dersom kommunen får melding om nye smittetilfelle.  

Det er framleis viktig at alle fylgjer dei enkle nasjonale smitteråda for å hindre at smitten spreier seg: 

  • Reine hender
  • Ver heime når du er sjuk
  • Ved symptom: test deg!
  • Bruk munnbind i situasjonar der du ikkje kan halde 1 meter avstand 

 

Testing

Du kan ringe å bestille test på følgjande tidspunkt:

  • Søndag 7. november, kl. 10:00 - 12:00 på tlf. 992 38 456 eller 61 36 95 10.
  • Kvardagar, kl. 08:30 - 15:00 på tlf. 61 36 95 00.

Det er fleire som har testa seg med sjølvtestar. Testar du eller barnet ditt positivt, eller de har symptom? Då må du bestille time for test, slik at du får testa deg med PCR test.

 

Skule og barnehage

Kriseleiinga har i samråd med skule bestemt at skulen gjennomfører undervisning på gult nivå i veke 45. Høre og Fredheim barnehage held fram som normalt.

For å unngå at smitte spreier seg er det VELDIG viktig at dei som har symptom testar seg og held seg heime.