Smittesituasjon i Vang kommune, oppdatert 4.11.21 kl. 17:15

Det er til no registrert eit nytt smittetilfelle i Vang i dag, det er totalt 10 smitta dei to siste dagane. Me ventar på fleire prøvesvar.

Det er veldig viktig at alle som kjenner symptom testar seg. Me ser at fullvaksinerte og barn tåler smitte relativt godt, men me er bekymra for at smitte kan spreie seg til helseinstitusjonar og andre sårbare som ikkje tåler smitte like godt. Det skal vere låg terskel for å teste seg med PCR test ved symptom, slik test bestiller du på legekontor/koronatelefon

Negativ hurtigtest er ingen garanti for at du ikkje er smitta, kjenner du symptom sjølv om du har slik negativ test må du re-teste deg med PCR test. Ta kontakt med legekontor/koronatelefon for å bestille time til test.

Testing

Legekontor fredag 5. november, kl. 08:30 til 10:00 på tlf. 61 36 95 00.

Koronatelefon søndag 7. november, kl. 10:00 – 11:00, tlf. 99 23 84 56.

Kvardagar elles ring legekontoret mellom 08:30-15:00 på tlf. 61 36 95 00.

 

Skule og barnehage 

Kriseleiinga har, i samråd med skulen, bestemt at skulen gjennomfører heimeundervisning i morgon. Dette er av praktiske omsyn og for å få oversikt over situasjonen. Fredheim og Høre barnehage held fram som normalt. For å unngå at smitte spreier seg er det VELDIG viktig at dei som har symptom testar seg og held seg heime.
 

Har du symptom?

Er du nærkontakt?