Smittesituasjon i Vang kommune, oppdatert 3.11.21

 Det er 9 personar som har testa positivt med hurtigtest for Covid-19 onsdag 3. november. Det er både vaksne og barn som er smitta.

Vaksinasjonsdekning i Vang er høg, som tyder at befolkninga er godt beskytta mot alvorleg sjukdom. Dei vaksinerte smittast ikkje så lett og smittar heller ikkje så lett vidare. Born blir sjeldan alvorleg sjuke.

Det er likevel svært viktig at alle fylgjer dei enkle nasjonale smitteråda for å hindre at smitten ikkje spreier seg:

  • Reine hender
  • Vær heime når du er sjuk
  • Ved symptom test deg!
  • Bruk munnbind i situasjoner der du ikkje kan halde 1 meter avstand 

Vaksinerte treng berre teste seg ved symptom.

Ved behov for teste deg for covid19 ta kontakt med legekontoret for å avtale tid på tlf. 61 36 95 00 på kvardagar mellom kl. 08.30-15.00.

Inntil vidare vil fritidsaktivtetar kunne halde fram som normalt.