Smittesituasjon i Vang kommune, oppdatert 18.11.21 kl. 12:50

Kommunen har i dag fått melding om elev på Vang barne- og ungdomsskule som har testa positivt på sjølvtest.

Eleven har vore på skulen. Aktuelle tiltak blir iverksett. Klassen blir rekna som øvrige nærkontaktar.

Tiltak: Klassen held seg som ein kohort i dag, blir henta og skal ha heimeskule fredag. Klassen skal teste seg med sjølvtest i morgon og måndag morgon. Naudsynt informasjon blir sendt ut til dei det gjeld.

Frå midnatt 18.11.21 vart det nye reglar og råd for nærkontaktar, slik det vart varsla i regjeringa si pressekonferanse 12.11.21. Informasjon om dette finn du her.