Smittesituasjon i Vang kommune, oppdatert 10.11.21 kl. 13:20

Det er totalt registrert 42 smitta i Vang kommune i november. Kommunen har oversikt over dei smitta og arbeidet med smittesporing viser så langt at smitta er knytt til same utbrot.

Takk for at de testar dykk

Det er mange som testar seg om dagen, og det er sjølvsagt positivt jo fleire av desse som er negative,  seier kommunedirektør Erlend Haaverstad  Det gjer at me kan tenkje forsiktig positivt om situasjonen, og at tiltaka våre har god effekt.

 

Ver heime om du sjuk

Det viktigaste tiltaket på det beredskapsnivået me har no, er at folk som har luftvegssymptom eller føler seg sjuke, held seg heime og testar seg.  Ei undersøking Hdir har gjort i veke 43 viser at 4 av 10 ikkje held seg heime om dei er sjuke. Folk som føler seg sjuke skal halde seg heime – alle må ta personleg ansvar, både for eigen tilstand og andre si helse, oppfordrar Erlend Haaverstad.

 

Ny oppdatering ved nye smittetal

Det vil bli sendt ut ny oppdatering om smittesituasjonen på kommunen sine nettsider og facebook dersom kommunen får melding om nye smittetilfelle eller ved nye lokale tiltak.

 

Kvifor er det ulike tal på talet smitta?

I Vang kommune held me oss til dei som har testa seg i kommunen, det vil sei dei som bur og oppheld seg i kommunen. Det vil kunne vere personar som er folkeregistrert i Vang kommune, men som bur utanfor kommunen. Døme på dette kan vere studentar.

To eksempel:

  • Ein student som bur i Trondheim og testar seg der, men er folkeregistrert heime i Vang, vil då bli meldt på statistikken til Trondheim kommune. Men FHI (og då også VG) vil vise denne smitta hos Vang. Heimkommunen får ikkje alltid vite om desse tilfella, sjølv om det er registrert på dei i FHI sine system.
  • Personar utan fødselsnummer blir registrert av FHI i kommunen eller fylket prøven er rekvirert frå. Dette kan spesielt påverke tala i kommunar med internasjonale flyplassar eller grenseovergangar.