Smittesituasjon i Vang kommune, 25.01.2022

Det er auka smitte i kommunane rundt oss og førre veke var det registert fire smittetilfelle i Vang. I dag har kommunen fått melding om to positive sjølvtestar, der ein av dei er knytt til Fredheim barnehage. Smitteverntiltak er sett i verk og føresette og tilsette er informert.

Barn som er definert som nærkontaktar blir oppmoda om å teste seg, men dersom barnet motset seg dette skal det ikkje testast. Føresette kjenner barnet sitt best og vurderar om testing lar seg gjennomføre. Finn meir informasjon om dette her. 

Alle innbyggjarar vert tilrådd å vere merksam på symptom og følgje dei sentrale smittevernråda:

  • Praktiser god hand- og hostehygiene
  • Vaksiner deg
  • Hald deg heime ved sjukdom
  • Test deg for covid-19 ved nyoppståtte luftvegssymptom
  • Reduser talet  på nærkontaktar, men ikkje isoler deg

Er du nærkontakt? 

Har du symtpom? 

Er du smitta?