Smittesituasjon i Vang kommune, 21.12.2021

Elev som testa positivt på hurtigtest 18.12 har enno ikkje fått svar på PCR test, men testa positivt på ny hurtigtest i dag. Ein annan elev har testa positivt på PCR test teke i går. Begge desse elevane går i 10. klasse.

Tiltak tilrådd frå kommuneoverlege:
PCR test 23.12 av alle øvrige elevar i 10. klasse. Desse vil få med sjølvtest for å ta 24.12 i påvente av svar på PCR. Alle 10. klassingar vert på det sterkaste oppmoda til å vera i karantene til negativt svar på PCR.

Det kan vera nærkontaktar på andre klassesteg. Desse vil bli kontakta.

Det er ukjent smitteveg, og me oppmodar ALLE til å vera merksame på symptom, samt redusere talet på nærkontakter.