Det er utfordrande å skilje mellom reelle og potensielle nærkontaktar av dei som var på Mjøsvang Kafe i tidsrommet 30. november – 6. desember. Kommunen oppmodar difor alle som var på Mjøsvang Kafe i dette tidsrommet å følgje dei reglar og råd som gjeld nærkontaktar av omikron smitte.
Nærkontakt av omikron-smitte:
- 10 dagar i smittekarantene.
- PCR test straks.
- PCR test på dag 7, er denne negativ kan du avslutte karantene.
For deg som var på Mjøsvang Kafe betyr det:
- Var du der 4. eller 5. desember kan du teste deg ut av karantene den 13. desember.
- Var du der den 6. desember kan du teste deg ut av karantene den 14. desember.
Ynskjer du å teste deg for korona? Ring for å avtale tid:
- Søndag 12. desember mellom 10:00-11:00, tlf. 61 36 95 34.
- Kvardagar mellom 08:30-11:00, tlf. 61 36 95 00.
Lurer du på kva reglar som gjeld for smittekarantene og isolasjon, sjå Spørsmål og svar om smittekarantene og isolasjon.