Smittesituasjon i Vang kommune, 10.12.2021

Det er registrert tre smittetilfelle i Vang i går, 9. desember. Det er uavklart om dette er omikron-varianten. Det har vore besøkande innom Mjøsvang Kafe, med stadfesta omikron-smitte. Desse er ikkje busett i Vang kommune.

Det er sett i verk testing av alle som har vore innom Mjøsvang Kafe i tidsrommet 30. november – 6. desember for å avklare situasjonen.

  • Dei som er definert som nærkontaktar har fått beskjed om dette. Dei følgjer reglane for karantene ved omikron-smitte fram til det er avklara om dei tre smittetilfella er av omikron-varianten.
  • Dei som har vore innom Mjøsvang Kafe, men som ikkje er definert som nærkontaktar, blir sett på som potensielle nærkontaktar. Desse blir oppmoda å halde seg heime og redusere nærkontaktar til dei har fått svar på test, og vere ekstra forsiktige fram til det er avklara om dei tre smittetilfella er av omikron-varianten.