Regjeringa har sett inn tiltak mot omikronvarianten 29.11.2021

Det er innført nye tiltak for å bremse spreiinga av omikronvarianten når den kjem til landet – mellom anna 10 dagars smittekarantene der det er mistanke om omikron.

Det er truleg at den nye omikronvarianten er meir smittsam enn deltavarianten, skriv regjeringa på sine nettsider.

 

Dei nye tiltaka har allereie tredd i kraft og er:

  • Isolasjonstida blir forlenga til 7 dagar for dei som testar positivt og som det er grunn til å tru er smitta med varianten omikron.
  • Det blir pålagt smittekarantene i 10 dagar for husstandsmedlem og tilsvarande nære til personar det er grunn til å tru er smitta med varianten omikron. Desse har krav om PCR-test så snart som mogleg og på dag 7 før avslutning av karantene. Ved negativ test på dag 7 kan karantenen bli avslutta.
  • Det blir innført testplikt for øvrige nærkontaktar ved mistanke om smitte av omikronvarianten. Dei skal teste seg med PCR-test så snart som mogleg og mellom dag 3 og 7 etter nærkontakten og skal om mogleg unngå nærkontakt med andre personar fram til fyrste test er negativ.
  • Alle tiltaka gjeld uansett vaksinasjonsstatus.
  • Pliktene gjeld ikkje dersom det seinare blir stadfesta at smitta ikkje er skulda varianten omikron.

 

Desse nye tiltaka kjem i tillegg til innreisetiltaka som regjeringa innførte natt til laurdag.

Innreisetiltak

 

Den nye virusvarianten understreker behovet for et høyt tempo i vaksineringen med første og andre dose til alle som ikke har fått dem, og oppfriskningsdose til dem som skal ha den. Vaksinearbeidet må prioriteres, seier Kjerkol.

Definisjon av ”husstandsmedlem og tilsvarande nære” (FHI).