Oppdatering av smittesituasjonen 15.12.2021.

 Her følgjer ei oversikt over situasjonen i Vang, informasjon om pressekonferanse for barn og kompenserande økonomiske tiltak frå regjeringa.

Status smittesituasjon

Førre veke var det registrert 5 smittetilfelle i Vang kommune. Måndag denne veka fekk kommunen stadfesta at tre av smittetilfella er av omikron-varianten. Kommunen venter på stadfesting på dei to siste prøvene.

Det har blitt gjennomført massetesting; alle som var på Mjøsvang Kafe i eit gitt tidsrom vart oppmoda om å teste seg. Om lag 150 har testa seg og det har gitt kommunen ei god oversikt over situasjonen. Det er per 14.12.2021 ikkje meldt om smittetilfelle så langt denne veka

 

Takk for at de tek situasjonen på alvor

Det er oss alle i fellesskap som kan gjere ein forskjell, og me er glad for å sjå at de held ut og tek ansvar ved å:

  • Halde avstand
  • Redusere talet nærkontaktar
  • Teste deg ved symptom og/eller nærkontakt
  • Ta vaksine

Saman klarer me det.

 

Takk ja til vaksine 

Sjølv om gruppa med uvaksinerte berre utgjer ein tidel av den vaksne befolkninga, var fire av ti som måtte leggjast inn for covid- 19 uvaksinerte i vekene 45-48. (FHI) Figuren her viser ei oversikt over talet innlagte på intensivavdeling per 100 000 i Helse Sør-Øst den 14. desember. Grøn søyle viser dei som er vaksinert og raud søyle viser dei som ikkje er vaksinert. Dei uvaksinerte alvorleg sjuke er yngre enn dei vaksinerte. Vaksiner deg! Me har ingen å miste.

Pressekonferanse for barn om korona

Det er mange barn som har spørsmål om korona før jul. Statsminister, barne- og familieminister, helse- og omsorgsminister og kunnskapsminister invitera difor til pressekonferanse for barn.

Tidspunkt: Onsdag 15. desember klokka 17:00

Stad: Pressekonferansen vert sendt direkte på www.regjeringen.no

Sjå meir informasjon her.

 

Regjeringa har ei samla oversikt over kompenserande økonomiske tiltak

I tråd med dei strengare og meir langvarige smitteverntiltaka vil regjeringa no også forsterke og forlenge tiltaka som skal gje folk og bedrifter økonomisk tryggleik gjennom denne perioden.

Oversikt over kva tiltak dette er finn du her.

Regjeringa har eigne pressemeldingar som utdjupar dette:

  • Regjeringa betrar kompensasjonsordningane for kultur, frivilligheit og idrett, og vidarefører stimuleringsordninga for kulturlivet. Les meir her.
  • Regjeringa forlengar koronaordningar ut februar og gjev fleire med låg løn rett til dagpeng.  Les meir her.
  • Garantiordninga for banklån til bedrifter blir innført på ny. Les meir her.