Nasjonale tiltak - slik påverkar det kommunen sine tenester

Dei nasjonale råda og reglane frå 15. desember gjeld framleis. Dei varer i utgangspunktet til og med 11.  januar, dersom ikkje anna informasjon er gjeve.  

Oversikt over dei nasjonale råda og reglane.

Vang kommune har ingen lokale tiltak utover dette, men dei nasjonale tiltaka påverkar kvardagen vår. Her ei oversikt som viser deg kva det har å sei for dei kommunale tenestene i Vang kommune: 

Utdanning og kultur 

  • Barnehagane er på gult nivå
  • Vang barne- og ungdomsskule er på gult nivå
    • Det er tilrådd at tilsette og elevar testar seg med sjølvtest før skulen tek til att over nyttår (maks 24 timar før).
    • Om de treng sjølvtest kan det hentast på VBU (Gjennom vindauget på klasserom, Vangsmjøse, same plass som tidlegare) måndag 3. januar kl. 1200-1400 eller kl. 1700-1800.
  • Kulturskulen er på gult nivå
  • Bibliotek: påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift

Fritidsaktivitetar og andre aktivitetar 

  • Alle kommunale bygg er stengt for aktivitetar utanom skuletid
  • Symjehallen er stengt for offentleg bruk, men unntak for symjeopplæring for skule
  • Vangshallen er stengt for alle aktivitetar utanom skuleundervisning
  • Kor og korps blir oppmoda til å halde aktivitetsnivået på eit minimum og følgje nasjonale tilrådingar

Besøk i kommunale bygg

  • Besøkande i kommunale bygg skal bruke munnbind
  • Kommunehuset er stengt for publikum

Helse og omsorg

  • Vangsheimen er stengt, ring for å gjere avtale. Besøkande må bruke munnbind. Personalet skal orientere besøkande om dei aktuelle besøksreglane
  • Du må avtale tid med legekontoret før du kjem, ring tlf. 61 36 95 00

Nasjonalt bodskap

  • Takk ja til vaksine!
  • Hald ein meter til folk du møter
  • Reduser talet på nærkontaktar
  • Bruk munnbind