Koronavaksine i Vang

Vang kommune har fullt fokus på å gje vaksine til alle som har rett på det, og er godt i gang med å sette oppfriskingsdoser. Kommunen ynskjer å leggje til rette for at det skal vere enkelt å ta vaksine, og for å auke andelen som tek 1. og 2. dose legg me no opp til eit drop-in tilbod. Det er også mogleg å ringe for å avtale tid. Vaksinekoordinator er å treffe per telefonen fredagar, tlf. 61 36 95 00 (legekontoret). 

Drop-in  

Det blir drop-in for koronavaksine på følgjande datoar og tidspunkt:

  • Torsdag 23.12.2021, klokka 13:00 – 15:00 på biblioteket
  • Torsdag 30.12.2021, klokka 13:00 – 15:00 på biblioteket

Då kan du få vaksine utan timebestilling, men ein føresetnad er at du er frisk når du kjem. Dette gjeld for deg som ynskjer 1. eller 2. dose. Alle som skal ha oppfriskingsdose blir ringt etter tur og orden og me avtalar time direkte.

 

Oppfriskingsdose

Regjeringa reduserte intervallet mellom 2. dose og oppfriskingsdosen til 4,5 månadar. Tilsette i skule og barnehage og helse og omsorg blir prioritert, men tilrådd intervall er også 4,5 månadar for desse.