Koronasertifikat

Digital løysing

Du kan logge deg inn her for å sjå ditt koronasertifikat. 

Det digitale koronasertifikatet oppdaterar seg automatisk, og er gyldig i 90 dagar når du lastar det ned. Du kan laste ned ditt digitale koronasertifikat til din mobiltelefon eller nettbrett. Det er ikkje naudsynt med utskrift av sertifikatet hvis du har dette digitalt. 

Koronasertifikatet viser om du er vaksinert, om du er immun etter å ha hatt covid-19-sjukdom og resultatet dersom du har negativ koronatest.

Koronasertifikat for ikkje-digitale brukarar

Har du ikkje moglegheit til å logge deg inn på Helsenorge med elektronisk ID? Eller kan du ikkje bruke smarttelefon, PC eller nettbrett? Då kan du bestille koronasertifikatet via brev i post. Du kan også ringe informasjonstelefonen for korona og få tilsendt ei papirutskrift av koronasertifikatet i posten. Merk at det berre er den som treng sertifikatet som sjølv kan ringe for bistand.

På grunn av stor pågang er det likevel tilrådd at alle som kan, bruker den digitale løysinga, slik at dei som ikkje har andre alternativ kan få hjelp. I den digitale løysinga er det også mogleg å ta ei utskrift av sertifikatet på papir.

 Sjå rettleiing for deg som ikkje har digital brukar.