Informasjon til tilsette og vikarar

Hald deg heime ved behov, men berre når du skal

  • Har du nyoppståtte luftvegssymptom som feber, nysing, hoste, sår hals eller nedsett allmenntilstand? Eventuelt hovudpine, kvalme, laus avføring eller raude auge (som ved augebetennelse)? Då kan du ha korona og du bør halde deg heime. Ungdom og vaksne bør ha ein negativ covid-19 test før dei vender tilbake til skule eller arbeid. Her finn du nasjonale råd for deg som har symptom. 
     
  • Når du har testa negativt, kan du gå på jobb sjølv om du framleis har nokre symptom på luftvegsinfeksjon.
     
  • Tilsette som har fått påvist korona: Du skal følgje den nasjonale hovudregelen om fem dagars karantene. Du må kjenne deg frisk og ha vore feberfri i minimum 24 timar før du vender tilbake på jobb. Du treng ikkje å teste deg og vise fram negativ test for å kome tilbake på jobb. 

 

I tillegg gjeld dette for helsepersonell:

  • Helsepersonell som får påvist korona: Du skal følgje dei nasjonale reglane for isolasjon. Du skal i tillegg jobbe med munnbind og hanskar dei fyrste fem dagane etter at du er tilbake på jobb.
     
  • Helsepersonell som ikkje er vaksinert eller er delvis vaksinert: Du skal bruke munnbind og hanskar når du behandlar eller er i nærkontakt med pasientar. Du har ikkje plikt til å fortelje om din vaksinestatus, men du blir sett på som uvaksinert dersom du ikkje gjer det.
     
  • Helsepersonell som har hatt nærkontakt med koronasmitta pasient: Du skal bruke hanskar og munnbind i ti dagar frå pasienten fekk påvist sjukdommen. Det gjeld både for vaksinerte og uvaksinerte. 
     
  • Helsepersonell som arbeider i avdelingar med smitte og som også jobbar andre stader: Du skal bruke munnbind så lenge det er påvist smitte ved ein av arbeidsstadane.
     
  • Helsepersonell som har sjuke husstandsmedlem: Du skal bruke munnbind på jobb dersom du ikkje kan halde ein meters avstand til andre. Det gjeld uansett kva for ein smittsam sjukdom som er i heimen.