Informasjon om koronasituasjonen og lokale tiltak
Regjeringa kom den 7. desember med nye retningsliner og råd for å redusere smittetrykket i koronapandemien. Desse vil vere gjeldande frå torsdag 9. desember. Kriseleiinga tilrår at alle set seg inn i dei nasjonale tiltaka med forskriftsfesta tiltak og tilrådingar, desse finn du her.
Nasjonale tiltak
Det er oppdaga 5 smittetilfelle i Valdres som det er mistanke om kan vere av omikron varianten. Desse prøvene er sendt vidare til FHI for sekvensering for å få svar på om det er omikron.
Kommunen har, som ei føre-var haldning, auka beredskapen for å handtere koronasituasjonen og vere førebudd på eventuell omikron-smitte. Kriseleiinga følgjer situasjonen tett og ut i frå dei nye nasjonale tiltaka innfører kriseleiinga følgjande lokale tiltak.
Lokale tiltak
- Kommunehuset blir inntil vidare stengt for publikum
- Symjehall blir inntil vidare stengt for bading utanom skuletid
- Garderobeanlegg på skule/samfunnshus blir inntil vidare stengt utanom skuletid
- Romjulstreffet for ungdom vert avlyst
Sist endra 10.12.2021 10.48