Har du vore på Mjøsvang Kafe i tidsrommet 30.november - 6.desember?

Då kan du ha vore i kontakt med koronasmitte, og det er uavklart om dette er omikron.

Vang kommune ber om at alle som har vore innom Mjøsvang Kafe i dette tidsrommet om å teste seg med PCR test så fort som mogleg. Bestill time for test på Vang legekontor fredag frå klokka 08:30, tlf. 61 36 95 00.  

Kommunen oppmodar alle om å vere ekstra forsiktig fram til det blir stadfesta om dette er omikron eller ikkje; reduser talet nærkontaktar og bruk munnbind.