Har du symptom?

Har du nyoppstått luftvegssymptom slik som feber, nysing, hoste, sår hals eller nedsett allmenntilstand? Eventuelt hovudpine, kvalme, laus avføring eller raude auge (slik som ved augebetennelse)? Då kan du ha korona og bør halde deg heime. Ungdom og vaksne bør ha ein negativ Covid-19 test før dei vender tilbake til skule eller arbeid.

Hugs at du kan bli smitta sjølv om du er fullvaksinert, så reglane gjeld uansett vaksinestatus.

Vaksne

  • Bli heime frå jobb/skule
  • Test deg
  • Dersom symptoma forsvinn heilt etter ein dag, kan du vende tilbake til jobb/skule utan svar på test.
  • Negativ test: Bli heime til du føler deg bra, og du har vore ferberfri i 24 timar. Dei fleste vil då vere heime eit par dagar. Kontakt lege dersom symptoma ikkje går over. 
  • Positiv test: Isoler deg heime i 5 døgn frå fyrste teikn på sjukdom. Du må vere feberfri i minst 24 timar utan bruk av febernedsettande preparat. Dersom du har teke ein sjølvtest, må du bestille time for test for å få stadfesta med ein pcr-test at du har korona.

Barn (0-12 år)

  • Dersom barnet berre har rennande nase eller snørr og elles er i fin form, kan barnet gå i barnehage/skule og treng ikkje bli testa for Covid-19.
  • Har barnet feber, hoste, sår hals eller nedsett allmenntilstand skal det vere heime. Dersom symptoma forsvinn heilt etter ein dag, kan barnet vende tilbake til skule/barnehage. Hald barnet heime til det føler seg bra, og har vore feberfri i 24 timar. Dei fleste vil då vere heime eit par dagar. Kontakt lege dersom symptoma ikkje går over. 
  • Foreldre kan velgje å teste barn som har symptom. Dersom barnet både har symptom og er nærkontakt til stadfesta Covid-19-smitta bør ein teste barnet. 
  • Negativ test: Hald barnet heime til det føler seg bra, og har vore feberfri i 24 timar. Dei fleste vil då vere heime eit par dagar. Kontakt lege dersom symptoma ikkje går over. 
  • Positiv test: Barnet skal isolerast heime i 5 døgn etter fyrste teikn på sjukdom. Barnet må vere feberfritt i minst 24 timar utan bruk av febernedsettande preparater. Dersom barnet har teke ein sjølvtest, må du bestille time for testing. Slik får du stadfesta med pcr-test at barnet har korona.