Koronavirus

Her vil kommunen oppdatere informasjon om lokalberedskapen mot koronaviruset. 

Sjå undermeny over, med fleire val. 

Melding om sju nye smitta i dag; alle husstandsmedlem eller nærkontaktar med kjent smitteveg. Dette er ei forventa utvikling, og kommunen held fram med dei tiltaka som er iverksett. 

Kommunen fekk melding om 7 nye smittetilfelle laurdag 13. november. alle med kjent smitteveg. Det er totalt registrert 53 smittetilfeller i Vang i november.

Kommunen har i dag fått beskjed om ein tilsett i helse- og omsorg som har testa positivt på hurtigtest.  Vedkomande har ikkje pasientkontakt. Smittesporing og aktuelle tiltak er ivareteke.  Aktuelle nærkontaktar er informert. Endeleg testsvar er venta i morgon. Utover dette er det ikkje meldt om nye smittetilfelle.

Regjeringa viser i dag til at lokale tiltak er effektive og kommunane har tatt stort ansvar og vist at dei raskt og effektivt klarar å slå ned utbrot. Regjeringa innfører nokre fleire nasjonale tiltak for å få ned smitten, men det er kommunane som best kjenner situasjonen lokalt og kan innføre tiltak der det er nødvendig.

Vang kommune fekk i går totalt melding om 4 nye smittetilfelle. Nærkontaktar er kontakta, og smitteveg er kjent for alle 4. I dag er det ikkje meldt om nye smittetilfelle. 

Kommunen har fått melding om eitt nytt tilfelle av korona i ettermiddag. Tiltak for oppfølging er sett i gang og eventuelle nærkontaktar blir spora og testa. 

Det er totalt registrert 42 smitta i Vang kommune i november. Kommunen har oversikt over dei smitta og arbeidet med smittesporing viser så langt at smitta er knytt til same utbrot.

Vang kommune har fått melding om 4 nye smittetilfelle det siste døgnet, alle med kjent smitteveg. Det er totalt registrert 41 smitta i november. 

Kommunen arbeidar systematisk med alle smittetilfella som er registrert i kommunen og har oversikt over smittevegar. Det er i hovudsak barn og friske vaksne som er smitta, og dei tåler dette relativt bra. Alle kan likevel bidra med å hindre at smitten spreier seg til eldre og dei som ikkje tåler koronaviruset like godt. Det viktigaste ein kan gjere er å halde seg heime ved nyoppståtte luftvegssymptom.  Sjå rettleiaren til FHI her. 

Kommunen har registrert 37 smitta i løpet av november månad. Smitta er i hovudsak knytt til Vang mottakssenter og dette har påverka Vang barne- ungdomsskule og Høre barnehage noko. Vang kommune har fått melding om 14 nye smittetilfelle det siste døgnet.

Vang kommune har i løpet av fredag kveld  fått melding om 13 nye smittetilfelle. Dei er alle nærkontaktar av tidlegare smitta.


Så langt i november har Vang kommune 23 registrerte tilfelle av Covid-19.

Kontaktinfo

Vang legekontor
Telefon 61 36 95 00
Legevakt
Telefon 116117
Helsenorges informasjontelefon for koronaviruset
Telefon 81 55 50 15