Koronavirus

Her vil kommunen oppdatere informasjon om lokalberedskapen mot koronaviruset. 

Sjå undermeny over, med fleire val. 

Kriseleiinga i Vang vil vise til dei nasjonale tiltaka med tilrådingar og forskriftfesta tiltak som er gjeve av regjeringa. Kan du som ansvarleg arrangør gjennomføre arrangementet med desse nasjonale tiltaka er det i utgangspunktet greitt. Kriseleiinga kan ikkje vurdere kvart arrangement spesifikt, då kvart arrangement er ulikt.

Dette er dei nasjonale tiltaka med forskriftsfesta tiltak og tilrådingar.

Regjeringa innfører ei rekke nasjonale smitteverntiltak for å få ned belastninga på helse- og omsorgtenesta, og forseinke og avgrense spreiinga av omikron. 

Regjeringa innfører fleire nasjonale tiltak for å forseinke spreiing av omikron-varianten. Det blir mellom anna tilrådd å halde avstand og å unngå å handhelse og å gje klem.

I pressekonferanse tysdag 30. november set regjeringa inn fleire nasjonale titak for å ha kontroll på pandemien. 

Det er innført nye tiltak for å bremse spreiinga av omikronvarianten når den kjem til landet – mellom anna 10 dagars smittekarantene der det er mistanke om omikron.

 

Det er ikkje meldt om nye positive smittetilfelle i Vang sidan 24. november 2021.

Det er meldt om eit nytt positivt smittetilfelle i går og eit  nytt i dag. Begge smittetilfella har kjent smitteveg og stadfestar positiv sjølvtest. 

 

Ei god nyhende i dag er at det sidan torsdag 18. november berre er registrert eitt nytt smittetilfelle i Vang. Smittetilfellet har kjent smitteveg. Det er ikkje venta fleire testsvar i dag. 

 

Kommunen har fått melding om ytterlegare eit nytt smittetilfelle i ettermiddag, 18.11.21. Smittetilfellet er ikkje knytt til det pågåande utbrotet, men smitteveg er kartlagt. Sporing og informasjon til nærkontaktar er iverksett.  

Kommunen har i dag fått melding om elev på Vang barne- og ungdomsskule som har testa positivt på sjølvtest.

Kontaktinfo

Vang legekontor
Telefon 61 36 95 00
Legevakt
Telefon 116117
Helsenorges informasjontelefon for koronaviruset
Telefon 81 55 50 15