Koronavirus

Her vil kommunen oppdatere informasjon om lokalberedskapen mot koronaviruset.

Nyhendesaker om korona i Vang:

Det er totalt registrert 42 smitta i Vang kommune i november. Kommunen har oversikt over dei smitta og arbeidet med smittesporing viser så langt at smitta er knytt til same utbrot.

Vang kommune har fått melding om 4 nye smittetilfelle det siste døgnet, alle med kjent smitteveg. Det er totalt registrert 41 smitta i november. 

Kommunen arbeidar systematisk med alle smittetilfella som er registrert i kommunen og har oversikt over smittevegar. Det er i hovudsak barn og friske vaksne som er smitta, og dei tåler dette relativt bra. Alle kan likevel bidra med å hindre at smitten spreier seg til eldre og dei som ikkje tåler koronaviruset like godt. Det viktigaste ein kan gjere er å halde seg heime ved nyoppståtte luftvegssymptom.  Sjå rettleiaren til FHI her. 

Kommunen har registrert 37 smitta i løpet av november månad. Smitta er i hovudsak knytt til Vang mottakssenter og dette har påverka Vang barne- ungdomsskule og Høre barnehage noko. Vang kommune har fått melding om 14 nye smittetilfelle det siste døgnet.

Vang kommune har i løpet av fredag kveld  fått melding om 13 nye smittetilfelle. Dei er alle nærkontaktar av tidlegare smitta.


Så langt i november har Vang kommune 23 registrerte tilfelle av Covid-19.

Det er ikkje meldt om nye smittetilfelle i dag, men kommunen ventar framleis på litt over 100 svar på PCR-testar. Det vil bli sendt ut ny oppdatering om smittesituasjonen på kommunen sine nettsider og facebook dersom kommunen får melding om nye smittetilfelle.  

Det er til no registrert eit nytt smittetilfelle i Vang i dag, det er totalt 10 smitta dei to siste dagane. Me ventar på fleire prøvesvar.

Det er veldig viktig at alle som kjenner symptom testar seg. Me ser at fullvaksinerte og barn tåler smitte relativt godt, men me er bekymra for at smitte kan spreie seg til helseinstitusjonar og andre sårbare som ikkje tåler smitte like godt. Det skal vere låg terskel for å teste seg med PCR test ved symptom, slik test bestiller du på legekontor/koronatelefon

 Det er 9 personar som har testa positivt med hurtigtest for Covid-19 onsdag 3. november. Det er både vaksne og barn som er smitta.

Det er påvist koronasmitte i Vang. Kommunen oppfordrar alle til å halde avstand, bruke munnbind, unngå unødig sosial kontakt, god handhygiene og at alle med luftvegsymptom held seg heime. 

 

Kontaktinfo

Vang legekontor
Telefon 61 36 95 00
Legevakt
Telefon 116117
Helsenorges informasjontelefon for koronaviruset
Telefon 81 55 50 15