Karantene og isolasjon:
Vang kommune gjev for tida ikkje eigne råd om karantene. Kommunen minner om at det er særs viktig at alle følgjer dei nasjonale smitteverntiltaka. Har du vore i område med utbreidt smitte, bør du vise spesiell aktsemd.
Kven som bør ha karantene eller isolering og korleis dette skjer kan du sjå her.
Testing for covid-19:
Her finn du informasjon om karantene, isolasjon og testing.
For å få testa deg for viruset må du ha avtalt tid på førehand. Kontakt legekontoret på tlf. 61369500 på kvardagar mellom kl. 08.30-15.00 for å gjere ei slik avtale.
Testing skjer ved Røde Kors garasjen, Lundsmarka 18, måndag, onsdag og fredag eller ved Vang legekontor, Tyinvegen 5061, tysdag og torsdag.
Det er viktig at pasientar som har god allmenntilstand køyrer sjølve og ikkje brukar drosje. Dersom du ikkje kan kome deg til lege eller oppmøteplass for testing sjølv, har me ei mobil testeining.
Kven skal testast?