Transport tenesta (TT)Transportordninga for funksjonshemma (TT)er eit tilbod til dei som har behov for spesielt tilrettelagt transport. Ordninga er for dei som grunna si forflyttingshemming har store vanskar med å nytte det kollektive rutetilbodet på heimstaden.Manglande kollektivtilbod eller naturleg alderdomssvekking er åleine ikkje grunn for å bli godkjend som TT-brukar.Alle som viser gyldig TT-brukarkort får reise fritt med det ordinære kollektivtilbodet til Opplandstrafikk. TT-kortet gjeld ikkje på bestillingsruter og fylkeskryssande ekspressruter. (TT) blir administrert av kommunen. Søknad Forflytningshemma som ynskjer å bli med i TT-ordninga, må søkje Vang kommune om å bli godkjent som brukar. Bustad er definert som adresse registrert i Folkeregistret. Informasjon Ynskjer du meir informasjon om TT-tilbudet ta kontakt med din kommune, eller sjå https://www.opplandstrafikk.no/hjelp-og-kontakt/tt-ordningen/ Har du spørsmål rundt TT-kortet ditt, ta kontakt med Rogaland taxi på telefon 51 90 90 00. TT tilbodet til Oppland Fylkeskommune Omfanget av TT-ordninga blir fastsett årleg i budsjettet til Oppland fylkeskommune. I tillegg vedtek fylkeskommunen antall TT-heimlar (kvote) til den einskilde kommune. TT-ordninga er meint til ”frie”reiser som kulturarrangement, sosiale aktivitetar og andre fritidsreiser. Opplandstrafikk Reglement Her kan du laste ned reglement for TT-transport (PDF, 546 kB) Informasjon om TT-kortet Når du er godkjent som TT-bruker vil du få eit elektronisk TT-kort. Dette kortet blir utstedt av Rogaland Taxi. Brukarkortet er personleg og kan ikkje overdragast til andre. TT-kortet inneheld ein verdi, eit kronebeløp som kommunen stiller til disposisjon for deg. Når du gjennomfører ei TT-reise med drosje, vil kostnaden for turen bli trekt av saldoen på kortet. Ordninga gjev også rett til å nytte Opplandstrafikk sitt ordinære rutetilbud gratis, med unntak av bestillingsruter Sist endra 29.11.2017 22.49