LedsagerbevisLedsagerbevis er ei ordning der formålet er å gje menneske med nedsett funksjonsevne moglegheit til å delta på lik linje med andre i ulike aktivitetar, utan å måtte betale dobbel pris/inngangsbillett for å ha med seg bistand. Det er i hovudsak tilstelningar/ arrangement/transport der Fylkeskommunens er takstmyndigheit eller har gjett stønad. Det nyttast òg godkjenning av ledsagerbevis i andre samanhenger, men dette er opp til kvar arrangør og er ingen selvfølge. Det trengs eit passfoto og eit vedlegg frå lege eller andre innan kommunens helse- og omsorgsetat om behovet for eit ledsagerbevis. Ledsagerbeviset er tidsavgrensa. Tenesten er gratis Målgruppe for tenesta Du treng ledsager/bistand for å være med på ulike arrangement, dette grunna i fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting. Du som treng ein med deg for å komme deg ut på ulike aktivitetar for å hindre isolasjon. Søknad Søknadskjema får du ved å kontakte Institusjon – og heimebaserte tenester tlf. 61 36 95 30. Om ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt frå deg. Fullmakt skal leggast ved i søknaden. Råd, rettleiing og hjelp til å fylle ut søknaden kan du få hjå oss. Søknaden sendast Vang kommune Institusjon- og heimebaserte tenester Tyinvegen 5150 2975 Vang i Valdres. Sist endra 29.11.2017 22.20