Koordinerande einingKoordinerande eining for habilitering og rehabilitering skal bidra til å sikre heilskaplege og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområder, nivå og sektorar. Eininga sitt overordna ansvar for Individuell plan og koordinator er sentralt. Ansvaret omfattar alle pasient- og brukargrupper med behov for langvarige og koordinerte tenester, og er ikkje avgrensa til habilitering og rehabilitering. Koordinerande eining kan bistå ved ynskje om eller behov for Individuell plan, dersom du ynskjer ein person til å vere med å koordinere dei tenestene du mottek eller vera vegvisar innan helse- og sosialområdet. Sist endra 29.11.2017 22.44