Forsking viser at barn vil ha informasjon og vite. Fantasien er ofte vondare enn virkelegheita.
"Barn som pårørande", i barnehage og skule har stor innvirkning på deira kvardag.
Barn melder frå når ting er vanskeleg på sin naturlege måte når det ikkje klarar å setja ord på kva som er vanskeleg ved åtferdsendring:
- dei kan bli meir sinte
- bli utagerande
- trekkje seg bort for seg sjølv
- det blir vanskeleg å konsentrere seg om lekser på skulen og om leik og læring i barnehagen.
Vi som vaksne profesjonelle må væra konkrete og spørja barnet direkte og væra tilstade for dei. I nokon tilfelle snakkar barna med ein gong, i andre tilfelle må dei ha tid på seg for å opne seg. Det er stor hjelp for barna berre å vite at dei har mogelegheita til å snakka med den vaksne som tok opp temaet. Det kan væra nok å seia at "eg ser at du har det vanskeleg...".
Foreldre oppfordrast til å ta kontakt med barnehagepersonell og lærarar for å informere om familiesituasjonen om noko er vanskeleg. På den måten kan vi saman gjera kvardagen lettare for barnet.
Forsking viser at kvardagen blir lettare å klare når barna har vaksne rundt seg som dei veit at dei kan prate med. Det er eit vaksenansvar, både heime og i barnehage og skule.
Det skal også opprettast "treffpunkt " i februar / mars -18- der barn som pårørande får møtast som friske pårørande og er diagnoseuavhengig.
Ta gjerne kontakt om det er noko de ynskjer meir informasjon om