Ved hending

Ved behov for augeblikkeleg hjelp – ring Politi (112), Brann (110) eller Ambulanse (113). Ved mindre hendingar kan du kontakte Politiet lokalt (02800) eller lokal legevakt (116 117).

Om du eller nokon du kjenner treng augeblikkeleg hjelp i ein situasjon utan telekommunikasjon, kan de møte opp på Vangsheimen når legekontoret ikkje er opent.

Ved pågåande hendingar som involverer Vang kommune:

  • informasjon blir delt på heimesida til kommunen.
  • Ved tap av telekommunikasjon vil kommunen nytte oppslagstavler på Joker Tyinkrysset, COOP Fjellvang, Åsvang skule og Joker Ryfoss for å dele viktig informasjon.

Dei som ynskjer å dekke ei hending kan nytte biblioteket på Vangstunet. Kommunehuset vil ikkje vere opent for media under handteringa av ei hending.

Råka og pårørande kan forvente å finne informasjon om møtestad eller kontaktnummer her på heimesida.