Vil du søke om "Drømmestipendet"?

Wiliam Dalen - Drømmestipend_resize - Klikk for stort bilete Det er no opent for å søke om å bli nominert til Drømmestipendet i Vang kommune, og dersom du ønsker å søke så treng vi denne informasjonen om deg:

Namn, adresse, kva år du er født, telefonnummer og E-postadresse.

Vidare må du velge ein av desse kategoriane; dans, musikk, teater, skapande skriving, sirkus, visuell kunst og annet. Du må ha eit bilde av deg i breidde format, ei beskriving av deg sjølv, beskrive din draum (viktig!) og du må ha med dokumentasjon av det du ønsker å formidle. Det siste kan for eksempel vera ein link til Youtube eller andre opplastingsplassar.

Du treng ikkje vere elev i Vang kulturskule for å søke, alle i Vang kan søke. Ein må vere født tidlegast i 1999 og seinast i 2006. Vang kommune har tidlegare hatt fleire som har fått Drømmestipendet, som for eks Ola Lajord og Margrete Daae Mæland.

Her er link til Drømmestipendet, sjå gjerne på tidlegare innsendte søknadar: https://www.drommestipendet.no/

Søknad skal sendast til Oddbjørn Skeie, mail oddbjorn.skeie@vang.kommune.no tlf 61369423. Ta gjerne kontakt med han om du lurer på noko.

Bildet er frå 2017, då fekk William Alexander Dalen Drømmestipendet. På bildet er og Ole Christian Østrem frå Norsk tipping og Finn Helge Lyster frå Norsk kulturskuleråd.

Fristen for å søke til Vang kommune er 28.januar.