Vil du bidra til å redusere plast i havet?

Årets TV-aksjon heiter Eit hav av moglegheiter og går til WWF sitt arbeid med å redusere plast i havet. Aksjonen er digital, og no vil aksjonskomiteen i Vang rekruttere digitale bøsseberarar!

Slik gjer du:

  • Gå til www.blimed.no og fyll ut registreringsskjemaet ‘bli digital bøssebærer’
    • Under fylke vel du Innlandet
    • Under kommune vel du Vang
    • Under sted vel du standars område
  • Du får no tilsendt informasjon på e-post, og ei lenke til di digitale bøsse
  • Bruk ditt nettverk på sosiale media og elles til å promotere bøssa di, og samle inn mest mogeleg pengar til eit reinare hav

Du kan bli bøsseberar for Vang sjølv om du ikkje bur her, eller om du til dømes har hytte her eller har eit hjarte for Vang.

Det er allereie opna for å gi pengar, i nokon sin bøsse eller direkte til giverstafett.no . Sjølve aksjonen går av stabelen 18. oktober, du kan lese meir om aksjonen, WWF og korleis bidra på www.blimed.no

Har du spørsmål kan du kontakte leiaren for aksjonsgruppa i Vang, Lars Østbye Hemsing på tlf 45 28 33 32. Treng du hjelp med den digitale registreringa kan du også kontakte frivilligsentralen, på frivilligsentralen@vang.kommune.no eller kom innom i opningstida; måndag-onsdag kl 11-15.