Vi søkjer ny rådmann i Vang kommune

Fotoutstilling.jpg - Klikk for stort bilete Rådmann Reidar Thune har sagt opp stillinga si etter lang teneste for kommunen, og har siste offisielle arbeidsdag 14. juli 2019.

Vang kommune lyser nå ut stillinga som ny rådmann, og ønskjer ein framtidsretta og aktiv byggjar av lokalsamfunnet som kan fortsette den gode jobben med å skape ei god utvikling i Vang.

Vang kommune er ein av 6 Valdreskommunar og ligg midt mellom Bergen og Oslo.  

Mange vil oppleve at  «Vestlandsfjell og og Austlandsklima» er ein unik kombinasjon som gjev høve til rike naturopplevingar og eit innhaldsrikt liv.
Vang i Valdres har eit areal på 1505 kvadratkilometer, og folketalet ligg nokså stabilt kring 1600. Du kan lese meir om kommunen og dette på www.vang.kommune.no eller www.vangivaldres.no 

Sjå utlysinga her.