Søndag førre veke vart det oppdaga smittetilfelle i skulen. Smitteveg er førebels ukjent og det gjev oss ei uro. Dagane framover vil gje oss fleire svar, men me ber dykk framleis om å gjere dei gode vala;
- Ver heime om du er sjuk
- Test deg ved symptom
- Reduser talet på nærkontaktar
FHI har laga ei oversikt over smittevernråd for julefeiringa, les denne her.
I haust har me opplevd at livet kan bli snudd opp ned av andre hendingar enn korona. Når me mister både straum og kommunikasjon blir me sårbare. Det er vanskeleg å nå ut med informasjon under slike hendingar. Me vil at du skal vite at dersom me mistar kommunikasjon i kommunen vil me raskt setje opp og bemanne ein satelittelefon på Vangsheimen. Hit kan du kome for å få hjelp til å kontakte naudsentralar, når anna kommunikasjon ikkje fungerer. Me vil og oppmode alle til å tenkje gjennom kva grep ein sjølv kan gjere for å ta vare på seg sjølv og dei rundt seg, når me blir ramma av store hendingar eller kriser. Då vil me saman stå betre rusta for det som måtte kome. DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) har utarbeida konkrete råd som du kan lese på sikkerhverdag.no.
Me ynskjer at alle kan få ei god og fin julehøgtid, sjølv med dei restriksjonane som er. Ta vare på deg sjølv og kvarandre.
God jul frå kriseleiinga i Vang kommune