Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral ser mot vår, og no er programmet klart!

Marte - Klikk for stort bilete - Velkomen til nok ein kulturell sesong med foredrag, boklansering, aktivitetar for ungar og mykje meir, seier dagleg leiar ved Vang Frivilligsentral, Marte Tangen.

 

Våren byr mellom anna på storfint besøk av countrystjerna Tove Bøygard, og aller først eit kurs for frivillige og andre som driv med øvingskøyring. Vang mållag presenterer nye vangsgjeldingar og Vinjerock arrangerer klimadebatt med innlegg frå mellom anna miljøstiftelsen ZERO. Morsmålsdagen og fleirkulturell vårfest blir feira som tidlegare år.

 - Vang sin nye kulturminneplan skal under lupen, samstundes som vi stiller ut Anne-Marte Før si utstilling 'Handverkaren'. Og Torstein Lerhol har skrive sjølvbiografi - den blir sjølvsagt lansert i heimbygda, informerar Tangen.

 `Social Club' og 'Filmnight' er tilbake, denne gongen på fredagskveldane, og vi held fram med lekseklubb kvar tysdag og lesesirkel om lag ein gong i månaden. Alt er gratis og ope for alle!