Vaksineringsstatus i Vang kommune - koronavaksine

Klikk for stort bileteVaksinering i Vang kommune er kome godt i gang og me har så langt vaksinert 309 personer med fyrste dose og 113 personar med andre dose (per 12.04.2021). Det blir vaksinert etter prioriteringslista frå FHI. Det er ikkje naudsynt å bestille time og vaksinering er gratis. Vang kommune er førespegla å få 8 glas med vaksine i veke 15 og 7 glas i veke 16. Dette svarar til om lag 105 dosar med vaksine.

Oppdatert statistikk om koronavaksinasjon i Norge kan du finne her.

Folkehelseinstituttet har ulike scenario for når ulike grupper kan forvente å få fyrste dose av koronavaksine. Dette avhenger sterkt av tilgang på dosar og kva vaksinar som blir godkjent. I tillegg vil endring i prioriteringar frå regjeringa kunne spele inn. Det blir difor vanskeleg å gje fullgode svar på når me kan forvente at ulike grupper er ferdigvaksinert. På Folkehelseinstituttet si nettside kan ein finne oversikt over dei ulike vaksineringsscenarioa og desse blir oppdatert fortløpande. Du kan følgje med på vaksineringsscenario ved å følgje denne lenka.

 

Minner framleis om dei enkle tiltaka du kan gjere som beskyttar deg og andre:

Klikk for stort bilete