Tilskott til ekstrautgifter ved behov for assistanse på ferie- og fritidsreiser 2018.

sun-flower-blossom-bloom-pollen-541484 - Klikk for stort bilete Vang kommune har årleg tildeling av tilskott av ekstra lønnsutgifter ved behov for assistanse ved ferie- og fritidsreiser.

Vedtekne retningsliner for dekning av ekstra lønnsutgifter ved behov for assistanse på ferie- og fritidsreiser:

Personar som har behov for praktisk bistand til daglege gjeremål har ofte også bruk for assistanse på ferie- og fritidsreiser. På reiser blir utgiftene til assistent høgare enn normalt ma. grunna reglar for arbeidstid og godtgjersler utover vanleg løn.

Gjeld ferieturar / tilrettelagte ferieopphald, helgeturar, deltaking på arrangement som krev reise og/eller overnatting. Gjeld ikkje reiser i samband med behandling (sjukehusopphald).

Stønad til ferie- og fritidsreiser er ikkje lovpålagt.  Vang kommune har likevel utarbeida ei stønadsordning med følgjande retningsliner:

 

  1. Vang kommunestyre vurderer årleg ein pott til denne ordninga som del av handsaminga av kommunen sin økonomiplan.

 

  1. Ordninga blir utlyst på Vang kommune sine heimesider og i avisa Valdres med søknadsfrist 1. februar kvart år (søknadsfrist er endra til 30.04 i 2018). 

Vedtak blir fatta av tverrfagleg tildelingsteam i IHT innan 11. mai

 

  1. For å bli vurdert må søkjar vere folkeregistrert i, og ha vedtak om helse- og omsorgstenester frå Vang kommune jf. Pasientrettighetsloven § 2-1,2 og Helse- og omsorgstjenesteloven. §§ 3-1 og 3-2. 

Personar som har ei velferdsordning gjennom si BPA- ordning (der ein organisasjon er arbeidsgjevar), fell utanfor tilskottsordninga.

Dersom det er mange søkjarar, prioriterast søkjarar som ikkje fekk stønad året før.

 

  1. Tilskottsordninga er økonomisk behovsprøvd.  Søkjarar med  netto skattbar inntekt over 2G kjem ikkje inn under ordninga.

 

  1. Det må sendast skriftleg søknad til kommunen om dekning av ekstrautgifter. 

(Det vert utarbeida eiget søknadsskjema for tilskottet, men dette er ikkje i orden enno).

Søknaden må synleggjera:

  • Behovet for, og omfanget av tenester i kvardagen: Kva for tenester har søkjaren i dag, og kva består bistanden i.
  • Grunngjeving for å ha med assistent (ar) på reise
  • Søkjaren sin økonomi dokumenterast med siste utlagte likning.
  • Ekstra kostnad knytt til å ha med assistent (ar) på reise. (Kommunen/sakshandsamar  bistår med dette).

     

  1. Hjelpebehovet skal vurderast individuelt, for å kunne tildele tenester tilpassa den einskilde sine behov.  Tenester ytt til ferie- og fritidsreiser skal vere naudsynte, nøkterne og innanfor rammene av gjeldande lov- og avtaleverk.

 

  1. Søkjarar som oppfyller kriteria, kan få innvilga inntil kr. 15 000,- etter behov for inntil 7 døgn pr kalenderår. Vang kommune utbetaler beløpet som løn/godtgjersle til assistent(ar) som er med på turen.

 

  1. Stønaden skal bidra til å dekke løn og og godtgjersle til assistent(ar) ut over dei tenestene brukarane mottek i det daglege. Kommunen dekker ikkje utgifter i samband med reise og opphald for brukar og assistent(ar).

 

  1. Løn og godtgjersle til assistent(ar) skal følgje lov og avtaleverk som til eikvar tid er gjeldande i offentleg sektor.

Søknadsfrist 30.04.2018.

Ved ynskje om nærare opplysningar, kontakt leiar i Miljøtenesten Elisabeth Hålien tlf 61 36 95 50

Søknad sendast til:

IHT, Tverrfagleg tildelingsteam

Tyinvegen 5150

2975 Vang i Valdres