Temakveld om TV-aksjonen

Onsdag 20. oktober kl. 19 blir det temakveld på Vang folkebibliotek om årets TV-aksjon. Frivilligsentralen er koordinator for innsamlinga i Vang, og inviterer alle interesserte til aktivitetar/konkurransar, informasjon, salsutstilling og noko godt til kaffien.

Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort ein plass i verda. Gjennom årets TV-aksjon skal vi saman gi jenter mogelegheit til å velje si eiga framtid, og vie seg til livet! Plan er mottakar av pengane, som skal nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Plan jobbar for at jenter får bli på skulen og at barn, unge og eldre får opplæring i jenter sine rettar, likestilling og lovverk. Barn skal få være barn, ikkje brud.

Salsutstillinga vil bestå av bamsar lagt av strikkekaféen på Haukåsen, og forhåpentlegvis ting som ungar lagar på handarveidsverkstaden på biblioteket i haustferien. Vi tar gjerne i mot fleire donasjonar for å få til ei rikhaldig utstilling!

Vi blir også veldig glade om nokon vil hjelpe til med å arrangere aktivitetar eller konkurransar, og om bedrifter eller privatpersonar vil gi pengar for dei som deltek! Ta kontakt med frivilligsentralen@vang.kommune.no om du vil bidra.

Elisabeth Myhre v/ strikkekafeen