Temakveld om demens - korleis kjenne att symptoma?

Måndag 28. mars kl 18.30 på Vang folkebibliotek
Vi håper å nå ut til både deg som pårørande til nokon med demens, og til alle som ønskjer å bli meir kjent med diagnosa. Demens er ein folkesjukdom som det er forventa skal doble seg i åra framover, og difor er det viktig å auke kunnskapen om sjukdommen i befolkninga.

Vi får besøk av Bjørn Lichtwark som er spesiallege ved aldrespsykiatrisk avdeling på Sanderud, Sykehuset Innlandet, og forskar på demens og åtferdsutfordringar. I tillegg vil Joanke Tito orientere om hukommelses-teamet i Vang og våre tenester i kommunen. Det blir høve til å stille spørsmål til både Bjørn og Joanke.

Vi ønskjer påmelding til Vang kommune på tlf 61 36 94 00 innan 24. mars
Velkomne til temakveld!

Dette er ein av fleire temakveldar som er planlagt i samarbeid mellom helse- og omsorgsetaten og frivilligsentralen

  Kommunevåpen i fargar - Klikk for stort bilete