Symjebassenget i Vangshallen må stengje frå måndag 30. april.

Oppvekst, kultur- og integreringssjef har i samråd med rådmannen i Vang, vedteke å stenge symjebassenget for all bruk frå og med måndag 30.april 2018.

Saka har vore drøfta med skuleleiinga og verneombod ved Vang barne- og ungdomsskule. For dei som har gjort avtale om bruk av terapibassenget, kan dette framleis nyttast etter gjeldande reglement ut skuleåret.

Årsaka til stenginga er at det er eit sterkt behov for vedlikehald og ettersyn. Vang kommune reknar ikkje med at symjebassenget kan opnast att før tidlegast til skulestart i august. Dette veit me meir om etter at teknisk etat har fått tid til å gjera naudsynte undersøkingar.  

Me beklagar ulempene dette medfører for våre brukarar, men ber om forståing for at omsynet til helse, miljø og sikkerheit er noko Vang kommune tek svært alvorleg.