Status koronasmitte i Vang kommune

Klikk for stort bilete 

Vi har i alt fem som er smitta med koronavirus siden starten på vinterferien.

Det er ein mer enn meldt tidligare. I veke 8 blei det meldt om to smitta, i veke 9 er det òg meldt om to smitta. No har vi fått melding om ein til som har testa positivt. Det er kontroll med smittevegar og alle smitta er isolert og alle nærkontaktar er i karantene. 

VG har nøkkeltal for Vang kommune.