Sommarfritidsklubb i Vang

Det blir klubb kvar vekedag i veke 26, 27 og 28 (dei tre vekene etter skuleslutt), kl 11-15.

Klikk for stort bileteKlubben byr på leik og moro både inne og ute - og dei ulike vekene vil ha ulike tema. Klubben er for alle født i 2012 eller tidlegare.

Oppmøte er ved Vang folkebibliotek og klubbleiar i år er Marit Rønneberg Hagerup.

På grunn av smittevern må vi i år ha påmelding for alle deltakarane. Du kan melde deg på ein eller fleire veker. Det er plass til 12 deltakarar pr veke. Du vil få svar på om du har fått plass eller ikkje. Meld deg på innan 15. juni på ved å trykke her og fylle inn skjema, eller besøke frivilligsentralens heimeside.